No er påska her, og nokre travle dagar ventar for landets prestar. Har du kanskje ein prest i slekta? Då kan det ofte vere ein del spennande informasjon å finne om vedkommande i kjeldene. Her får du eit lite utval.
Det finst eit par tjukke bøker som er skrive om prestar i Noreg. Boka «Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Biografiske Efterretninger» frå 1895 tek for seg biografien til alle prestar frå Hordaland til Sunnmøre, frå reformasjonen til perioden boka vart skrive. Du finn bind nummer ein her og bind nummer to her.
Interessant, men kanskje ikkje alltid heilt korrekt
Boka er eit grundig arbeid og er veldig nyttig då den ramsar opp ting som kone, barn og kven prestedøtrene vart gift med. Minuset med boka er at den er gamal og dels full av feil. Det er mellom anna lite kjeldehenvisningar i den. Det betyr likevel ikkje at forfattaren har dikta opp det som står skrive, men at kjeldene kan ha vore munnlege, at han har funne dei i ei bok utan å referere til den eller at ting rett og slett har blitt tolka feil.
Prestekjelder
Det er også skrive ein del om prestar i andre prestegjeld. Norsk Slektshistorisk Forening (NSF) har mellom anna over tid hatt eit presteprosjekt. Du kan lese meir om prosjektet og sjå dei ulike biografiane på NSF sine nettsider.
Eige skifteoppgjer
Ei anna geistlige kjelde er dei geistlige skiftene. Når ein geistlig person døydde vart nemleg ikkje vanlege rutinar for skifteoppgjer følgde. Då var det eigne tilsette i kyrkja som tok seg av dette, ikkje sorenskrivaren. Noko av grunnen kunne vere at dei geistlege hadde større formue og at ein ville påsjå at presteenkene sat att med solide rettar når mannen var død. Prestane kom også ofte utanfrå og kunne difor, i motsetjing til dei andre i bygda, skulde pengar rundt om i landet. Det geistlige arkivet kan du finne hos Digitalarkivet.
Gjeremålsregister
Har du ein prest i familien kan det kanskje vere morosamt å sjå kor han befant seg til ulike tidspunkt? Det har du faktisk moglegheit til i enkelte tilfelle. For mange prestar skreiv det vi kallar dagregister. Der oppgav dei kor og kva dei skulle til ulike tidspunkt. Desse kan du også finne hos Digitalarkivet.
Foto: Digitalarkivet