Quantcast
Channel: Slekt og Data
Viewing all articles
Browse latest Browse all 506

I spora til ei avfotografert fortid

$
0
0

På Norsk Folkeminnesamling ligg eit gamal fotoalbum frå 1890 med påskrifta Telemarken Dette vekte nysgjerrigheita til Kyrre Kverndokk, professor i kulturvitskap, og tre kollegaer, og sidan 2013 har dei prøvd å spore opp historia til dei 48 fotografia.

Dei fire forskarane visste at fotoalbumet inneheldt foto frå Moltke Moe sitt feltarbeid, men utover dette hadde dei få opplysningar. Moe var Nordens første professor i folkloristikk og drog på fleire lange innsamlingsreiser for å dokumentere norske folketradisjonar. Mellom 1878 og 1891 hadde han i alt seks reiser til Telemark for å samle inn eventyr og balladar.

Draktmysteriet
Bileta i albumet vart teken av amatørfotograf og forleggar Jacob Dybwad. Om ein har i bakhovudet at albumet har påskrifta Telemarken og ein veit at to kjente folkeminneinformantar frå Vest-Telemark var avbilda, skulle ein tru det var lett å finne ut kor bileta vart teken. Det er ikkje nødvendigvis slik, for eit element forvirra forskarane. Det dukka nemleg opp personar i setesdaldrakter på nokre av bileta. Ein kunne difor ikkje vere sikker på om bilda stamma frå same stad og frå same feltarbeid.

Tilfeldig gjennombrot
Dei fire forskarane leste faghistorisk litteratur og prata med kollegaer for å kome nærare inn i historia til albumet, men det skulle snart dukke opp ein snarveg som sparte dei for mykje arbeid. Ein av forskarane, Line Esborg, tok nemleg med ei gruppe studentar til Norsk Folkeminnesamling og viste dei albumet. Då rakk ein av studentane opp handa og sa «Eg trur det er garden heime». Dei hadde då fått plassert garden Nordstog i grenda Felland på eit bilda.

les mer


Viewing all articles
Browse latest Browse all 506