Ingmar Seth, DIS-Møre og Romsdal
|
DIS-Norge, Slekt og Data er privilegert med mange kvalifiserte og hjelpsame medlemer som er villige til å strekkja seg ut over det å arbeida med eiga slekt. Desse medlemene ynskjer me å gjera meir synlege. Denne gongen er det Ingmar Seth, DIS-Møre og Romsdal som vert trekt fram.
Kven er Ingmar Seth?
Eg er ein ung/gammal mann på 59 år, sjømann, har seilt i utenriksfart sidan 1975, hovedsakeligt på kjemikalietankere, men har også 3 år på ein gasstanker - dei siste 28 åra som maskinsjef og alle mine 40 år til sjøs for samme arbeidsgiver. Fødd og oppvokst i Søvik på Sunnmøre, ei fin lita bygd som kan skrive si historie antageligt eit par tusen år bakover.
Kvifor jobbe med slekt?
Tja sei det, eg trur nesten at eg må skylde litt på mor mi, i alle fall i utgangspunktet. Det var snakk om ein gang at dikterpresten Anders Hovden var i slekta, men det stemte ikkje heilt så langt som eg har funnet ut, men han vart inngifta og det blir nesten det samme. På farssida så har eg ein bestemor som var fødd oppe på Skageflå og på den delen av slekta så har eg omtrent noko frå alle fjellgardane inne i Storfjorden og det har nok trigga meg også.
Noko artig du har funne?
Ikkje direkte noko artigt sånn i farta, men min mor vaks opp som fosterbarn ikkje så langt herifrå. Og hennes fosterforeldre har eg alltid regna som Besta og Besten. Den dagen eg fant ut at vi også var i slekt, var ein stor dag for meg. Ikkje så nært, men dog ekte slekt.
Slektsnøtta du ikkje har knekt?
Eg mangler foreldre til eine settet med tipptipp oldeforeldre både på fars- og morssida. På morssida er det i Sverige, Bohuslän og på farssida er det i Sykkylven og i Årø-området (Molde). Den i Sverige har eg ikkje jobba så mykje med, så den er nok løysbar, men dette paret i Norge som får min tippoldefar i 1809 er det verre med.
Kva vil du seie om DIS-Norge?
Eit samlingspunkt for oss som driver på med slektsforskning, eller gransking for den som liker det ordet best. Og her i Møre og Romsdal er vi så heldige at vi har 12 forskjellige lokallag spreidd over heile fylket, så det er gode muligheiter for dei fleste til å komme på eit møte i nærheita av der du bor.
Engasjementet ditt i DIS-Norge?
Er leder for lokallaget i Haram, som dessverre sliter litt for tida. Pga. blant anna jobb og mykje fråvær frå Norge så strekker ikkje tida til, og det er dessverre lite folk som er tilgjenglige for å steppe inn og hjelpe til med å holde hjula i gang. Eg er ellers aktiv som moderator på fleire fora på Slektsforumet og deltar også på DISchatten, som er Norges raskaste plass for å få svar på dine slekts spørsmål! Er også aktiv på ein del andre slektsforum/grupper, der eg så ofte som eg får det til reklamerer for DIS.
Kva motiverer deg?
Sei det, finne ut om sine forfedre og knyte dei opp mot dei som lever i dag, også gleden ved å kunne hjelpe andre med å løyse sine problemer, det være seg data og programtekniske eller slektsgåter.
Intervjua av Tor Gervin
les mer